nordisk quiltetreff 2012
Nordisk Quilteftreff skal arrangeres 18. - 20. mai 2012 i Ålborg.
Hilde Framnes Neset har undersøkt moglegheiten å chartra fly til Ålborg for intresserte quiltedamar.
Me kan ta eit charterfly med 46 passasjerseter.
Avgang frå Stord lufthamn fredag 18. mai kl. 09.00 med ankomst Aalborg
lufthavn kl. 10.00 lokal tid.
Retur søndag 20. mai kl. 21.00 med ankomst Stord lufthamn kl. 22.00 lokal tid. Årsaka til den seine avgangen på søndag er at flyet må utføra ei ruteflyging Stord-Oslo-Stord før det kan gå ned til Aalborg.
Basert på at det er 46 passasjerar om bord, gir dette ein pris på kr 2.900 pr. person t/r. Første dame til mølla får plass - Hilde treng snarleg svar!
Kursavgifter/påmelding og hotell kjem i tillegg og må ordnas sjølv. Påmeldingskjema står i siste Norsk Quilteblad.
For informasjon om reisa send mail til Hilde Framnes Neset
eller mobil: 41 50 20 42


